Carl Emil Christian Bonnevie () var ein norsk embetsmann og politikar for Arbeidarpartiet. Jacob Aall Bonnevie var far hans.
Bonnevie var fødd i Trondheim og utdanna seg til cand.jur. i 1904. Deretter arbeidde han som sakførarfullmektig i Moss frå 1905 og fullmektig i Vinger og Odalen frå 1906. I tida 1907-10 var han overrettssakførar i Kristiania, og så engasjert i Salten som politimann og sorenskrivar frå 1910-15.
Perioden 1915-18 var Bonnevie statsadvokat i Smaalenene og Hedmark, samt i Oslo. I 1919 fekk han arbeid i den norske legasjonen til Berlin og Wien, der han vart verande til 1923. Sidan var han byrettsdommar i Oslo til 1929, og deretter sorenskrivar i Lofoten til 1936. Bonnevie var sidan lagmann i Agder 1936-45 og i Eidsivating 1945-51. Han var i 1950-51 fyrstelagmann for Borgarting.
Bonnevie var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i valperiodane 1913-15 og 1934-36. Den fyrste bolken representerte han bykrinsen Bodø og Narvik og var sekretær i Justiskomite nr 1, i den andre bolken representerte han Nordland fylke og var medlem av Justiskomiteen.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap