Ramsar (, også romanisert som Rāmsar og Rānsar og tidlegare også kalla Sakht sar)Ramsar finst GEOnet Names Server under -3081959 i Advanced Search med Unique Feature Id er ein by i Iran ved kysten av Kaspihavet. Han er fylkeshovudstad for Ramsar-fylket i provinsen Mazandaran. Ved folketeljinga i 2006 hadde han eit folketal på 31 659.
Innbyggjarar i Ramsar talar det nordvestiranske språket gilaki. Staden er kjend for å ha ei av dei høgaste bakgrunnsstrålingane på jorda.
Stad Ramsar er den vestlegaste byen og fylket i Mazandaran. Han har kyst mot Kaspihavet i nord, Gilan-provinsen i vest, Qazvin-provinsen to i sør og Tonekabon i aust.
Næringsliv Ramsar er ein populær kystby for iranske turistar. Staden har også varme kjelder, skoga i Alborz-fjella, ferieslottet til den siste sjahen av Iran og Hotel Ramsar. 27 km sør for Ramsar, i Alborzfjella, ligg landsbyen Javaher Deh som også er ein viktig attraksjon.
Ramsar-konvensjonen Ramsar-konvensjonen om vern av våtmarksområde blei underskriven i Ramsar i 1971. Avtalen mellom ulike statar dekkjer vern av og samarbeid om våtmakr, med over 1 920 stader på rundt 1 680 000 km² inkluderte på Ramsar-lista over våtmarksområde med internasjonal tyding.2011-03-07Ramsar: A brief history, retrieved 2009-11-07
Radioaktivitet
mini|Two survey meters show dose rates of 142 and 143 µSv/h on contact with a bedroom wall
Talesh Mahalleh-distriktet i Ramsar er det mest radioaktive folkesette området i verda ein kjenner, på grunn av radiumhaldige varme kjelder i området og lokale byggjemateriale derfrå. Dei rundt 2000 innbyggjarane frå distriktet og andre høgradioaktive område mottek ein gjennomsnittleg årleg strålingsdose på 10 mGy per år, ti gonger meir enn den tilrådde grensa til ICRP for kunstig radioaktiv stråling. Bilde
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ramsar» frå , den 14. mai 2015.
Bakgrunnsstoff Turisme i Ramsar Radioaktivitet i Ramsar's radioactivity
Kategori:Byar i Iran Kategori:Byar ved Kaspihavet