Hans Hansen () var ein handelsmann/grosserar og stortingsmann frå Drammen.
Hansen var son til ein kjøpmann i Drammen. Han fekk sjølv merkantil utdanning og tok til som handelsmann i heimbyen i 1867. Frå 1885 var han medlem av bystyret, ordførar 1897-98. Ei tid var han formann for tilsynsnemndene for jarnbanene Kristiania-Drammen og Drammen-Randsfjordbanen. Frå 1901 var han styreleiar i brannforsikringsselskapet «Norge».
Som fyrste varamann til Stortinget 1895-97 møtte Hansen både i 1895 og 1897 på tampen av sesjonane, i 1895 frå 15. mai i staden for Ole Roald Rynning, og i 1897 frå 22. juli i staden for Christopher Knudsen. I dei tre valbolkane frå 1898 til 1906 var han fast representant for Drammen på Tinget. Han heldt deretter fram som stortingsrepresentant til 1915, dei tre siste valperiodane vald frå einmannskrinsen Bragernes. Hansen var frå 1898 jamt medlem av Tollkomiteen, formann i denne frå 1900. I tillegg var han medlem av meir tidsavgrensa komitear, så som spesiakomiteen om fossefalla i 1906/07.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Ordførarar i Drammen Kategori:Norske handelsfolk Kategori:Folk frå Drammen