Gjemnes kyrkje er ei langkyrkje frå 1893 i Gjemnes kommune, Møre og Romsdal fylke. Bygget er i tre og har mellom 310 og 350 sitjeplassar. Arkitekt for kyrkja var Jacob Wilhelm Nordan.
Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Kyrkja er bygd på same vis som mange andre kyrkjer frå tida etter 1851, der det vart lovfesta at kyrkjene skulle kunne romme minst 3/10 av soknet.Norsk kirkeleksikon, side 39 Ho har inngang gjennom tårnet i vest, galleri, skip og kor. På kvar si side av skipet er det fire høge vindauge, og det er òg eit stor vindauge i austgavlen i koret. Ein kan sjå det frå utsida, men det er kledd att på innsida. Glasa i dette vindauget er delvis i fargar.
Altartavla med motivet «Jesus går på vatnet og reddar Peter» er frå innviingsåret 1893 og er måla av salmakar C. Waleur.Norsk kirkeleksikon, side 276
Gjemnes kyrkje er soknekyrkje i Gjemnes sokn i Indre Nordmøre prosti.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Gjemnes Kategori:Kulturminne i Gjemnes Kategori:Kyrkjer i Indre Nordmøre prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1893 Kategori:Trekyrkjer Kategori:Jacob Wilhelm Nordan Kategori:Langkyrkjer i Møre bispedømme