Namdals folkehøgskole er ein frilynt folkehøgskule som ligg i Grong kommune i Namdalen, nord i Trøndelag fylke. Skulen vart stifta i 1884 og tar årleg imot om lag 80 elevar. Skulen vart stifta av målmannen Marius Hægstad.

Namdals folkehøgskole ligg i sentrum av Grong, ved lakseelvane Namsen og Sanddøla. Frå skulen er det kort køyreavstand til Grong Skisenter på Bjørgan.

Linjer som skulen tilbyr i skuleåret 2022–2023: E-sport Cosplay Backpack Japan Dyr og natur Spillutvikling

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folkehøgskular i Trøndelag Kategori:Grong kommune Kategori:Utdanningsinstitusjonar skipa i 1884 Kategori:1884 i Noreg