Sir Christopher Frank Carandini Lee () var ein engelsk skodespelar. Han hadde sentrale roller i m.a. filmatiseringa av Ringdrotten, to Star Wars-filmar og han har portrettert Dracula. Lee vart adla av Prins Charles i 2009.
Karriere
Film- og fjernsynskarrieren til Christopher Lee tok til i 1946 og varte heilt til slutten av livet hans. Han portretterte oftare «mørke» roller enn helteskikkelsar. Til dømes spela han vampyren Dracula i fleire filmar, spela rolla som Frankensteins monster, Rochefort i Dei tre musketerane, skurkerolla i James Bond-filmen Mannen med den gylne pistol og Count Dooku i Star Wars episode II og III. Ei av dei siste rollene Lee spela var som den maktlystne trollmannen Sarumann i Peter Jackson sin filmtrilogi av Hobbiten; den same rolla som han hadde spela i Ringdrotten-trilogien. Christopher Lee var også ein dyktig stemmeskodespelar.
I tillegg til skodespelarkarrieren var Christopher Lee musikar og gav ut fleire heavy metal-album.
Kjelder
NRK Kultur, 11.06.15: Sir Christopher Lee er død. Profil og rolleliste på The Internet Movie Database
Kategori:Engelske skodespelarar Kategori:Folk frå London Kategori:Britar av italiensk opphav