Gustaf Holm & Co AB var eit svensk føretak, stifta i 1878, som heldt til i Göteborg. Føretaket dreiv opphavleg med eksport av trevarer, og seinare med matvarehandel og spedisjon. I 1938 vart Gustaf Holm & Co AB generalagent for bergbormaskinar produserte av det engelske føretaket Warsop Petrol Drill & Tools Ltd Sporrong, B., Från yxa till enmansmotorsåg - mekanisering i nordiska skogar 1850 till 1950, Habo, 2013.. Ein av dei beste kundane var det svenske forsvaret, som kjøpte store mengde Warsop bergbormaskinar. Då 2. verdskrig braut ut oppstod det problem med leveransane, og Gustaf Holm & Co AB tok til å produsera Warsop bergbormaskinar på lisens i Sverige. I 1947 stifta Gustaf Holm & Co AB eit dotterselskap, som dei kalla AB Bergborrmaskiner. Det føretaket bygde ein fabrikk i Mölndal, der bergbormaskinarne vart produserte.
Referansar
Kategori:Tidlegare svenske føretak Kategori:Tidlegare motorsagprodusentar Kategori:Tidlegare fjellboremaskinprodusentar Kategori:Skipingar i 1878