Øyvind Sandberg () var ein norsk journalist og filmregissør frå Bergen, busett på Hjelmås i Lindås. Han dreiv filmselskapet Øy-Film saman med kona si, Jorunn Botne, og produserte ei rekkje dokumentarfilmar. Han vart særleg kjend for filmen Folk ved fjorden, som han vann Amandaprisen for i 2012.
Karriere
Øyvind Sandberg kom frå ein filminteressert familie. Faren Håkon og onkelen Sverre laga dei årlege filmane Streiftog i Bergen frå 1960-talet og utover, også saman med Øyvind.Norsk filminstitutt om Å seile sin egen sjø Han var òg med i barne-TV-serien To hus tett i tett der han spelte «Onkel Øyvind på Øyna».
Øyvind Sandberg studerte film ved høgskulen i Volda og litteratur ved Universitetet i Bergen, og jobba ei tid som journalist i Latin-Amerika. Han tok til å laga dokumentarfilmar på 1970-talet og debuterte med «En reise til ishavet» i 1978. Tema i filmane dreide seg ofte om livsstilar og yrke o.l. som ikkje blir vidareført og går mot slutten. Sjølv omtala han den felles tematikken i filmane sine som «Livsstil på hell», noko som også er tittelen på ein av filmane hans. Mange av filmane var portrett der han løfta fram kvardagsmenneske, deira tankar, verdiar og livsfilosofi.Algerøy, Åge, 11.11.12: Nrk Hordaland: Møt mannen bak "Folk ved fjorden"
«Å seile sin egen sjø» (2002), som handlar om norsk kystliv, vann fleire prisar, mellom anna på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Folk ved fjorden (2011) vann både prisen for norsk dokumentar ved Bergen internasjonale filmfestival 2011 og Amandaprisen for beste dokumentar.
Sandberg sjølv blei kåra til «Bergens beste bergensar» av Bergens Tidende i 2012.Sæveraas, Siv (13.10.12), Bergens Tidende: Dette er Bergens beste bergenser. Vitja 15.06.15.
Filmografi
Dokumentarar
1978: En reise til ishavet – 17 min. 1985: Kom ut og lek, da vel! – 23 min. 1989: Livsstil på hell – 29 min. 1994: Ålefiskerne – 24 min. 1995: Laksefiskerne – 21 min. 1999: Elmer og Blomsterbåten – 35 min. 2002: Å seile sin egen sjø – 90 min. 2006: Kabal i hjerter – 60 min. 2007: Konsert for tre hester i to takter – 28 min. 2010: Stunden kommer kanskje aldri tilbake – 23 min. 2011: Folk ved fjorden – 61 min.
Andre filmar
1990: Ove Morgendrømmer (barnefilm) 22 min. 1992: Soria Moria (kortfilm) 13 min. 1997: Rått egg og sardinolje (barnefilm) 11 min. 2000: Napp (kortfilm) 5 min. 2004: Bare en kvist (barnefilm) 4 min.
Kjelder
Øyvind Sandberg sin filmografi på nettsidene Øy-Film.
Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske regissørar Kategori:Folk frå Bergen