Giv'at Shmuel (hebraisk skrift גִּבְעַת שְׁמוּאֵל, tyder Samuelåsen) er ein by i Sentral distrikt i Israel. Han ligg aust i Gush Dan storbyområde og er omgjeve av dei større byane Ramat Gan og Bnei Brak i vest, Kiryat Ono i sør og Petah Tikva i aust og nord. Giv'at Shmuel har eit folketal på kring 23 706 (slutten av 2012).

Byen er kalla opp etter den rumenske sionistleiaren Samuel Pineles, som starta og leia sionistkongressen i Focşani og var nestleiar i Den første sionistkongressen i Basel. Byen har i nyare tid blitt kraftig utvia og folketalet dobla frå 1998 til 2005. Giv'at Shmuel fekk bystatus i 2007.

Idrett Maccabi Habik'a, tidlegare Maccabi Giv'at Shmuel, er eit basketballag som spelte i den øvste basketballdivisjonen i Israel, før dei rykka ned i 2007.

Venskapsbyar Gołdap i Polen Stade i TysklandHan ligg on the German Timber-Frame Road Dubna i Russland

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Giv'at Shmuel» frå , den 21. juni 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Byar i Israel Kategori:Byar i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1944 Kategori:1944 i Palestina