Bakketun folkehøgskole er ein kristen folkehøgskole som ligg i Verdal kommune i Trøndelag. Skolen ligg i gangavstand til Verdal sentrum og har plass til rundt 90 elevar i året. Skolen vart etablert i 1915 under namnet Bakketun ungdomsskole.
Bakketun folkehøgskole er teikna av arkitekt Claus Hjelte og bygd i 1914–15. Den monumentale hovudbygningen i nybarokk stil med valmtak og symmetriske vindaugsaksar, er representativ for folkehøgskolebygningar frå den tida. Denne bygningen er freda.
Bakketun folkehøgskole er eigd av ein stiftelse knytt til Normisjon. Skolen er også knytt til Informasjonskontor for kristen folkehøgskole.
Linjefag ved skolen i 2015: Adrenaline Capture; Perú, Film og Reiseliv Idrett - O2 Teater og skuespillerarbeid Musikk; Artist Lydteknikk og musikkproduksjon Challenge Explore Sport Extreme Australia
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Folkehøgskular i Trøndelag Kategori:Kristne skular i Noreg Kategori:Skipingar i 1915 Kategori:Verdal kommune Kategori:Kulturminne i Verdal