Merima Maja Brkic () er ein norsk forfattar. Brkic kom som flyktning frå Bosnia til Årdal i 1993. Ho tok eksamen ved Årdal vidaregåande skule i 2000 og gjekk deretter eit år på Heimly Folkehøgskole i Troms. Deretter tok ho høgare utdanning i England og avslutta med doktorgrad i nevrologi ved Universitetet i Oxford i 2009.
Sidan 2009 har ho hatt fleire stillingar i England. Ho har vore politisk rådgjevar for tidlegare statsminister David Cameron og har vore tilsett i ulike rådgjevings- og forbrukarorganisasjonar, mellom anna Ofgem, Nacro og HM Revenue and Customs.
I 1996 gav ho ut diktsamlinga Stans denne natta! og i 1999 kom Vekk meg. Dikta handlar om krig og om korleis barn opplever han. Brkic fekk Sunnmørsprisen i 1999.
Bibliografi Bøker
I bøker - eit utval
Kjelder
Bakgrunnsstoff I tidsskrift - eit utval ved Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Bosniarar Kategori:Folk frå Årdal Kategori:Forfattarar frå Årdal