Regjeringsrådet/statsrådet i 1814 vart skipa etter oppløysinga av unionen mellom Danmark og Noreg den 14. januar 1814. Det vart oppløyst 11. november 1814.
Rådet blei oppretta 2. mars 1814 i Christiania etter instruks og kunngjering av prins (seinare konge) Kristian Fredrik. Det blei danna etter mønster av det danske geheimestatsrådet av 1784, og hadde berre rådgjevande myndigheit. Det skulle ha møte to gonger i veka, og handsame saker som hadde sirkulert mellom medlemmane på førehand. Sekretæren i rådet skulle føre protokoll under møta, og ha tilsyn med protokollen.
Regjeringsrådet hadde fem departement, etter modell av regjeringskollegia i København:
1. departement: Finans-, rekneskap- og skattesaker 2. departement: Innanrikssaker, herunder politi-, veg-, telegraf-, post-, skyss- og sesjonssaker 3. departement: Juridiske saker og rettsstell 4. departement: Handels- og tollsaker 5. departement: Økonomiske forvaltningsgreiner, offentleg industri, skog- og bergverksvesen
(Etter 11. november blei departementinndelinga endra, slik at til dømes finanssakene kom i 5. departement.)
Grunnlova av 17. mai 1814 fastsette at regjeringsrådet skulle vere som kongeriket Noreg sitt statsråd, og innehalde minst fem medlemmar. Dette blei stadfesta ved kongeleg resolusjon av 19. mai 1814. Etter dette skifta også medlemmane tittel frå regjeringsråd til statsråd.
NamnEmbeteFråTilFrederik Gottschalk von Haxthausen Regjeringsråd (*) og sjef for 1. departement (finanssaker)Førstestatsråd frå 19. mai2. mars 181420. august 1814Marcus Gjøe RosenkrantzRegjeringsråd (*) og sjef for Riksbanken i Noreg2. mars 181420. august 1814FørstestatsrådInterimsregjeringens formann frå 10. oktober20. august 181411. november 1814Mathias SommerhielmRegjeringsråd (*) og sjef for 3. departement (justissaker)2. mars 181411. november 1814Jonas CollettRegjeringsråd (*) og sjef for 2. departement (indre anliggender)2. mars 181411. november 1814Carsten TankRegjeringsråd (*) og sjef for 1. departement (finanssaker(saman med von Haxthausen)2. mars 181427. juli 1814Niels AallRegjeringsråd (*) og sjef for 4. departement (handels- og tollsaker)2. mars 181411. november 1814Carsten AnkerRegjeringsråd (*) og sjef for 5. departement (økonomisk forvaltning) (tiltredde ikkje da han 28. februar 1814 blei sendt til London i diplomatisk uppdrag)2. mars 181419. mai 1814Carl Henrik HoltenRegjeringssekretær (*), etatsråd2. mars 181430. september 1814Poul Christian HolstKonstituert sjef for 1. departement (finanssaker)(likevel ikkje medlem av statsrådet)20. august 18147. oktober 1814Jørgen Herman VogtKonstituert sjef for 1. departement (finanssaker)(likevel ikkje medlem av statsrådet)7. oktober 181418. november 1814Diderich HegermannStatsråd, sjef for Krigsdepartementet (6. departement)13. oktober 18144. november 1814Thomas FastingKommandørkaptein, statsråd13. oktober 18144. november 1814Byråsjef Christian Emanuel FischerKonstituert statssekretær30. september 181411. november 1814
(*) Frå 19. mai blei tittelen «regjeringsråd» endra til «statsråd» og «regjeringssekretær» til «statssekretær».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Regjeringsrådet/statsrådet i 1814» frå , den 30. juni 2015, revisjon 13155873
Kategori:Norske regjeringar Kategori:1814 i Noreg Kategori:Politikk i 1814