mini|Felling md stokksag under 1. verdskrig. Stokksag, eller tomannssag, er ei sag som vart nytta for tømmerhogst før det vart vanleg å nytta svans. Eita anna namn var «tverrvedsag»Slettan, D. (red.), Kystfolk ser tilbake - Livet på Trøndelagskysten i mellomkrigstida, Tiden norske forlag, 1979. Stokksaene var om lag 1,5 m lange tomannssager, med handtak i begge endar.

Utforming mini|venstre|Ulike typar: øvst for felling og bedst for kapping. Dei fyrste stokksagene var heimesmidde og hadde same breidd over heile sagbladetThorseth, L., Årringer - Skogbygda Trysil, 2014.. Dei fyrste fabrikklaga stokksagene kom rundt 1860. Dei hadde krumt sagblad, og bladet var tynnare på baksida enn på frasida, slik at dei var mindre utsette for å setta seg fast på grunn av klemming. Sagene kunne ha noko ulik utforming. Sager for felling av grovt virke, som på vestkysten av USA var lengre og tynnare enn sager laga for kapping. Men ofte vart same saga nytta både for felling og kapping.

Tenner Stokksagene kunne ha noko ulike typar tenner, som hadde forekjellige eigenskapar.

Rivtenner mini|Rivtenner. Triangulære rivtenner er den enklaste tanntypen. Alle tennerne er like, og kvar tann skjer av, bryt laus og fører ut spon. Meir kompliserte tenner kan vera meir effektive, men rivtennerne er mykje enklare å fila. Slike tenner fekk difor stor utbreiingSporrong, B., Från yxa till enmansmotorsåg - mekanisering i nordiska skogar 1850 till 1950, Habo, 2013..

Høveltenner mini|Høveltenner. Denne typen hadde fire skjæretenner og to høveltenner. To av skjæretennene var venstretenner og to var høretenner, som skar ut fibre på kvar si side av sporet. Høveltennerne, som snudde kvar sin veg, skar så laus botnen og førte den avskorne sponen ut av sporet . Denne tanntypen var svært effektiv, men sagene var vanskelege å fila rettSamset, I., Fra muskler til maskiner i skogen, Norsk skogmuseum, 2008.. På vestkysten av Nord-Amerika vart avverkinga utført av store føretak, som hadde tilsett filarar som kvesste sageneJohnson, K., Early logging tools, Schiffer, 2007..

Skrapetenner mini|Skrapetenner. Denne typen er skjerande og skrapande. Kvar enkelt tann skjer laus, bryt av og fører spon ut av sporet.

Bruk Skogsarbeidarane var vane med å nytta øks, og de var stor motstand mot å nytta sag i starten. Men etter kvart gjekk dei fleste over til å nytta sag. Stokksagene var i bruk fram til rundt 1900, då svansen gradvis overtok. For at bladet skulle gli lettare i sporet var det vanleg, spesielt i sevjetida, å smørja det med til dømes parafin.

Galleri

Referansar

Kategori:Skogsreiskapar Kategori:Sager