Pardesiya (hebraisk skrift פַּרְדֵּסִיָּה) er ein by (lokal kommune) i Sentral-Israel i Israel. Han ligg på Sharonsletta mellom Kfar Yona og Lev HaSharon regionale kommune. Han vart grunnlagd mellom 1937 og 1939. Folketalet var i 2007 6 200, over eit område på kring 1,3 km².

Historie Landområdet som Pardesiya ligg på vart kjøpt i 1928 av Jean-Yona Fisher, men vart liggande ubrukt. I 1937 bad Avraham Tabib frå den jemenittiske olim-organisasjonen medlemmane sine om å kome til landet og byggje ein landsby, med lovnad om billig land. Tjue familiar kom og i 1939 var bygginga ferdig. Under andre verdskrigen vart landsbybuarane arbeidslause og klarte ikkje å betale skattane for husa sine. Innnbyggjarane klarte å løyse saka med Jewish Agency for Israel og vart buande i landsbyen. Etter krigen vart det bygd eit nytt nabolag, i tillegg til ein ma'abara for å ta inn nye immigrantar. Pardesiya fekk lokal kommunestatus i 1952.

Geografi Pardesiya ligg på Sharonsletta og grensar til Kfar Yona i east og Tzur Moshe i Lev HaSharon regionale kommune. Hovudveg 4 går langs vestsida av byen, og Veg 5613 i sør. Staden ligg 35 meter over havet.

Venskapsbyar Viersen i Tyskland

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pardesiya» frå , den 6. juli 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Kommunar i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1937 Kategori:1937 i Palestina