Santamartalauvgranskar (Clibanornis rufipectus) er ein fugl i omnfuglfamilien og er endemisk for Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.
Skildring Santamartalauvgranskar er ein mellomstor, raudbrun omnfugl, ca. 17 til 20 centimeter langBirdLife International (2015) og med kroppsvekt på rundt 30 gram.Remsen, J.V., Jr (2003) Strupen er kanelfarga oransje, stjerten er nøttebrun, medan resten av fjørdrakta er generelt raudbrun med få distinkte kjenneteikn. Nebbet er lyst grått.
Han lever i dei nordlege og nordvestlege skråningane av Sierra Nevada de Santa Marta. Her har han habitat i generelt fuktig subtropisk opphavleg skog og i gjenvaksen skog med tett undervegetasjon. Han varierer i høgdnivå frå nesten tørr krattskog 700 moh. til den mest fuktige skogen på 2100 moh.
Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande.
Kjelder
Remsen, J.V., Jr (2003). Ruddy Foliage-gleaner (Automolus rubiginosus) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 8. juli 2015 BirdLife International (2015) Species factsheet: Clibanornis rufipectus. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. juli 2015
Referansar
Bakgrunnsstoff Flickr.com Bilete på flickr.com, fotograf: Daniel Uribe
Kategori:Omnfuglfamilien Kategori:Fuglar endemiske for Sierra Nevada de Santa Marta