Sigurd Nesse (), opphavleg Sjur Nesse,Digitalarkivet var ein norsk forfattar, lærar og målreisingsmann.

Sigurd Nesse var frå Nessane i Balestrand i Sogn og Fjordane. Han var busett ei tid i Vik. Nesse gjekk Balestrand lærarseminar og seinare Stord Lærarskule. Han var lærar i Haukedalen i Førde 1873-1877, der han skipa misjonslag. Seinare arbeidde han som lærar i Norum i Sogndal, der han kom i kontakt med målrørsla. Frå 1882 vart han tilsett som lærar i Vik, der han vart lærar på friskulen for ungdom. Denne skulen stod sentralt i ein hard målstrid i Vik. Nesse vart hundsa og forfylgd av bokmålsfolket, som skulda han både for vranglære og anna når han brukte nynorsk i undervisninga. Striden enda med at Nesse søkte seg vekk frå kommunen i 1893, og vart lærar i Eidsvoll til 1923.

Sigurd Nesse skreiv fleire skodespel, mellom anna Folk, som fekk premiere i 1901, I Apehagen (1897), Ein besættelse (1910) og Zions Mure (1921). Nesse gav også ut bøkene Sjusovarar (1897), Elsk og yrkje (1903), Vaaronn (1904), og diktsamlingane Hugsviv (1925) og Vårfrygd og hausthelsing (1939).

Bibliografi Bøker 1897 – Sjusovarar : spelstykke i to vendingar (Kristiania: Jensen) I fulltekst ved nb.no 1897 – I apehagen : spelstykke i to vendingar (Kristiania: Norli) I fulltekst ved nb.no 1901 – Folk : spelstykke i 3 vendingar (Kristiania: Olaf Norli) I fulltekst ved nb.no 1903 – Elsk og yrkje : forteljingar (Kristiania: Norli) I fulltekst ved nb.no 1904 – Vaaronn : forteljingar (Kristiania: Norli) I fulltekst ved nb.no 1910 – Ein besættelse : spelstykke i 3 vendingar : aat spel-lag og ungdomslag (Kristiania: Norli) I fulltekst ved nb.no 1921 – Zions mure : spel i 3 vendingar (Risør: Erik Gunleikson) I fulltekst ved nb.no 1925 – Hugsviv : dikt (Oslo: Norli) I fulltekst ved nb.no 1939 – Vårfrygd og hausthelsing (Bergen: Lunde) I fulltekst ved nb.no I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Notar

Kjelder Om Sigurd Nesse i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane

Bakgrunnsstoff Om Sigurd Nesse i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Forfattarar frå Balestrand Kategori:Forfattarar frå Vik Kategori:Folk frå Balestrand Kategori:Folk frå Vik Kategori:Forfattarar frå Førde Kategori:Norske dramatikarar Kategori:Norske lyrikarar