Penguin er det sjuande studioalbumet til det britiske rockebandet Fleetwood Mac, gjeve ut i 1973. Det var det første Fleetwood Mac-albumet etter at Danny Kirwan slutta i bandet, det første med Bob Weston og det einaste med Dave Walker.

Bakgrunn I september 1972, etter at Kirwan fekk sparken under turneen etter Bare Trees, henta bandet inn gitaristen Bob Weston og vokalisten Dave Walker, tidlegare frå Savoy Brown og Idle Race. Weston var kjend som slidegitarist og hadde kjend bandet sidan dei turnerte i lag med Long John Baldry. Fleetwood Mac leigde òg turnémanagaren til Savoy Brown, John Courage.

Den påfølgjande turneen gjekk bra og Penguin vart den største salssuksessen til bandet i USA fram til då, og nådde så vist topp 50. Under innspelinga av det neste albumet, Mystery to Me, vart bandet samde om at vokalstilen og haldninga til Walker ikkje passa inn med Fleetwood Mack og innan juni 1973 hadde han slutta.

Innhald

Medverkande Fleetwood Mac Bob Welch – gitar, vokal, bassgitar på «Revelation» (ikkje oppført) Bob Weston – sologitar, slidegitar på spor 1, banjo og munnspel på spor 5, harmonivokal på spor 7 Christine McVie – klaverinstrument, vokal Dave Walker – vokal på spor 4 og 5, munnspel på spor 4 John McVie – bassgitar Mick Fleetwood – trommer, perkusjon

Andre medverkande Steve Nye – orgel på spor 8 Ralph Richardson – steeltrommer Russell Valdez – steeltrommer Fred Totesant – steeltrommer Peter Green – sologitar på spor 8 (ikkje oppført)

Produksjon Produsent: Fleetwood Mac og Martin Birch lydteknikar: Martin Birch Plateomslag: Modula / Chris Moore Foto av Barry Wentzell

Innspelt i Hampshire med Rolling Stones Mobile Studio Miksa i AIR Studios i London

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Penguin av Fleetwood Mac» frå , den 18. juli 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fleetwood Mac-album Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Album produserte av Martin Birch Kategori:Reprise Records-album Kategori:Engelskspråklege album