Torre Annunziata er ein by og ein kommune i provinsen Napoli i regionen Campania i Italia. Kommunen har 43 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 7,54 km². Byen ligg inst i Napolibukta ved foten av Vesuv, 20 km sør for Napoli.
mini|venstre|Torre Annunziata
Torre Annunziata er ein industriby med våpenfabrikkar, farmasøytisk industri og skipsverft. Tidlegare hadde byen eit stort jarnverk og mange produsentar av matvarer.
Byen vart øydelagd ved vulkanutbrotet til Vesuv i år 79. Den gjenreiste byen vart så øydelagd ved eit nytt utbrot i 1631.
Ein romersk villa i bydelen Oplontis vart graven ut or vulkanmassane på 1960/70-talet, og er saman med Pompeii og Herculaneum med på UNESCO si verdsarvliste.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Torre Annunziata» frå , den 20. juli 2015.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Campania Kategori:Byar i Italia