Karlheinz Helmut Förster () er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Mosbach som vart europameister i 1980, og vann VM-sølv både i 1982 og 1986, med Vest-Tyskland. Mellom 1978 og 1986 spelte han 81 landskampar og skåra to mål for det vesttyske landslaget.
Midtstoppar Förster spelte for VfB Stuttgart i perioden 1977-86. I 1982 vart han kåra til årets tyske fotballspelar, og i 1984 kunne han feire at klubben vann den tyske bundesligaen. Frå 1986 var han i fire sesongar knytt til franske Olympique Marseille. Her var han i 1989 med på å vinne på den franske serien og den nasjonale cupen. Etter fleire år med skadetrøbbel forlet han toppfotballen i 1990.
Förster og den eldre broren Bernd Förster spelte ved fleire høve saman på det vesttyske landslaget. Kjelder Denne artikkelen bygger på «Karlheinz Förster» frå , den 26. juli 2015.
Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Stuttgart-spelarar Kategori:Marseille-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1980 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1982 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1984 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986