Sha'alvim (hebraisk skrift שַׁעַלְבִים) er ein religiøs kibbutz sentralt i Israel, ein av berre to tilknytt til Agudat Israel (Chafetz Chaim er den andre). Han ligg nær byen Modi'in-Maccabim-Re'ut og høyrer til Gezer regionale kommune.
Historie Kibbutzen vart grunnlagd den 13. august 1951 av ei Nahal-gruppe frå Ezra-rørsla, på landområdet til den avfolka palestinsk-arabiske landsbyen Salbit. Han vart kalla opp etter ein bibelsk stad nemnt i Josva 19:42, Domarane 1:35 og 1. Kongebok 4:9. Åsen mellom kibbutzen og Nof Ayalon vert ofte kalla Tel Sha'alvim. Fram til seksdagarskrigen var han eit mål for fleire åtak frå Vestbreidda sidan han låg nær Den grøne linja. I følgje eit dokument teken frå den jordanske arabiske legionen, planla legionen å angripe landsbyen og massakrere alle innbyggjarane.
I 1961 vart ein yeshiva, Yeshivat Sha'alvim, grunnlagd i Sha'alvim, og vart seinare eit stor religiøst utdanningsanlegg i regionen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sha'alvim» frå , den 26. juli 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kibbutzar Kategori:Nahal-busetnader Kategori:Busetnader grunnlagde i 1951 Kategori:1951 i Israel Kategori:Religiøse israelske samfunn Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel