«I'm So Afraid» er ein song skriven av Lindsey Buckingham for det britisk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac på det tiande albumet deira, Fleetwood Mac.

Bakgrunn Songen er den siste på albumet og vart gjeven ut som B-side til songen «Over My Head». Det var ein hardrocksong, ganske atypisk for ein Fleetwood Mac-song (i det minste etter Peter Green-tida), men vart raskt eit fast nummer på konsertane deira, og vart spelt som siste songen på nesten alle turnane deira, ofte i ein mykje lengre versjon. Han finst på alle konsertalbuma til bandet etter han kom ut og den lengste versjonen (på albumet Fleetwood Mac: Live in Boston) klokkar inn på 9:39. Konsertutgåva frå The Dance vart gjeven ut i redigert form i USA og i 2009 på samlealbumet The Very Best of Fleetwood Mac.

Buckingham spelte òg songen på solokonsertane sine, og gav songen ut på to konsertalbum som soloartist, Live at the Bass Performance Hall, Songs from the Small Machine: Live in L.A. og One Man Show. Songen omhandlar frykt og paranoia.

Struktur Studioversjonen er spelt inn i g-moll, medan konsertversjonane vanlegvis er i f-moll.Stephenson, Ken (2002). What to Listen for in Rock: A Stylistic Analysis, p.89. ISBN 978-0-300-09239-4. På nyare turnear har songen blitt spelt i d-moll.

Medverkande Mick Fleetwood - trommer John McVie - bassgitar Christine McVie - orgel Lindsey Buckingham - elektrisk gitar, akustisk gitar, solovokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «I'm So Afraid» frå , den 27. juli 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fleetwood Mac-songar Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:Songar skrivne av Lindsey Buckingham Kategori:Songar produserte av Keith Olsen Kategori:Reprise Records-singlar