Adhemar Ferreira da Silva () var ein brasiliansk friidrettsutøvar som vart oympisk meister i tresteghopp både i 1952 og 1956.
Aktiv Silva byrja med tresteg i 1947. Han sette ny brasiliansk rekord i øvinga og kvalifiserte seg til Sommar-OL 1948 i London, der han vart nummer 14. Den 3. desember 1950 sette han i heimbyen São Paulo ny verdsrekord i tresteg med nøyaktig 16 meter. Tett på 10 månader seinare flytta han rekorden med ein centimeter i Rio de Janeiro.
Sommaren 1952 var Silva på plass under sommarleikane i Helsinki. I trestegfinalen sette han verdsrekord med fyrst 16,12 m, og så 16,22 meter. Han sette sin femte og siste verdsrekord då han 16. mars 1955 i Mexico-byen i dei panamerikanske leikane forsvarte meistertittelen han hadde vunne i Buenos Aires fire år tidlegare. Vinnarhoppet i Mexico målte heile 16,55 meter.
I november 1956 i Melbourne tok Silva si andre olympiske gullmedalje etter å ha landa på 16,35 m, ni centimeter lengre enn islendingen Vilhjálmur Einarsson.
Silva vann i 1959 trestegtevlinga for tredje gong på rad under dei panamerikanske leikane i Chicago. Året etter deltok han i sitt fjerde sommar-OL, og vart som fyrste gongen nummer 14.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Adhemar da Silva» frå , den 3. august 2015.
World Athletics
Kategori:Tresteghopparar Kategori:Olympiske meistrar for Brasil Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1952 Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Brasilianske friidrettsutøvarar