Nicolai Getz () er ein norsk sjakkspelar, Internasjonal Meister i sjakk (IM).
Internasjonal Meister i sjakk Nicolai Getz vart IM etter sterke resultat i to internasjonale turneringar. I Arctic Chess Challenge i Tromsø i august 2009 tok han 6 poeng på 9 rundar, eit halvt poeng over kravet til IM-napp. I Europameisterskapen i sjakk i Aix les Bains i Frankrike i mars-april 2011 tok han 5,5 poeng på 11 rundar.https://ratings.fide.com/title_applications.phtml?details=1&id=1505572&title=IM&pb=30 Då resultat i viktige FIDE-turneringar tel dobbelt, var desse to turneringane nok til å oppfylle kravet om IM-resultat i minst 27 parti.
Han fekk tittelresultata godkjende av Verdssjakkforbundet FIDE i juni 2011.https://ratings.fide.com/titles_page.phtml Nicolai Getz hadde enda ikkje hadde klart kravet om eigen rating over 2400. Dette klarte han i løpet av hausten 2011.https://ratings.fide.com/profile/1505572/chart. Han vart deretter Internasjonal Meister i sjakk.https://ratings.fide.com/profile/1505572
Sjakk-OL og lag-EM Nicolai Getz spelte på det norske laget i sjakk-OL i Baku i 2016 som reserve. Han spelte eit parti, remis i første runde.
Nicolai Getz spelte for Noreg i lag-EM i sjakk i Porto Carras, med resultatet (+4, =4, -1) på fjerde bord.
Nicolai Getz har også spelt fem gongar for Oslo Schakselskap i EM for i sjakk for klubblag (2009-2011, 2015-2016).
Bakgrunnsstoff Nicolai Getz sitt ratingkort hos FIDE Nicolai Getz sine parti hos NorBase Nicolai Getz sine sjakkparti hos Chessgames.com
Kjelder Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014. Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3
Fotnotar
Kategori:Norske sjakkspelarar Kategori:Internasjonale meistrar i sjakk Kategori:Sjakkolympiadedeltakarar