Sergej Vladimirovitsj Sjubenkov () er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Barnaul i regionen Altaj kraj. Han vart europameister på 110 meter hekk i 2012 og 2014, og verdsmeister i 2015.
Aktiv Sjubenkov forbetra i 2012 den russiske rekorden på 110 meter hekk til 13,18 sekund ved eit stemne i Hérouville-Saint-Clair. Kort tid etterpå flytta han rekorden til 13,09 i semifinalen ved Friidretts-EM i Helsinki, for så å vinne finalen med sluttida 13,16. Hallsesongen 2013 sigra han på på 60 meter hekk ved Innandørs-EM i Göteborg. Under verdsmeisterskapen 2013 i Moskva la han beslag på bronsemedaljen på 110 m hekk. Ved EM 2014 i Zürich forsvarte Sjubenkov meistertittelen på distansen på same vinnartida som sist.
Sommaren 2015 forbetra han den russiske landsrekorden til 13,06 sekund då han vart tredjemann ved DL-stemnet i Saint-Denis. Han krona sesongen med å vinne gullmedaljen under verdsmeisterskapen i Beijing, der han med vinnartida 12,98 for fyrste gong kom under 13 sekund på 110 meter hekk.
Åra 2017, 2018 og 2019 vann Sjubenkov sølv i høvesvis London-VM, Berlin-EM og Doha-VM. 2018-sesongen var han i sitt livs beste form og fekk notert tider under 13,00 i fire stemne. 2. juli vann han eit GP-stemne i Székesfehérvár på livsbeste 12,92 sekund. Tre dagar seinare sigra han i DL-Lausanne på tida 12,95. Ved europameisterskapen i Berlin måtte han likevel sjå seg slått av franske Pascal Martinot-Lagarde med hundredelar av eit sekund. Etter 2019 har han ikkje betre bestetid enn 13,19 sekund.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2011 i Daegu: Utslått i forsøka (13,70 =nr 25) EM 2012 i Helsinki: Gullmedalje – 13,16, framom Garfield Darien (13,20) OL 2012 i London: Utslått i semifinalane (13,41 =nr 12) VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje – 13,24 EM 2014 i Zürich: Gullmedalje – 13,19, framom William Sharman (13,27) VM 2015 i Beijing: Gullmedalje – 12,98, framom Hansle Parchment (13,03) VM 2017 i London: Sølvmedalje – 13,14, bakom Omar McLeod (13,04) EM 2018 i Berlin: Sølvmedalje – 13,17, bakom Pascal Martinot-Lagarde (13,17) VM 2019 i Doha: Sølvmedalje – 13,15, bakom Grant Holloway (13,10)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sergei Wladimirowitsch Schubenkow» frå , den 12. august 2015.
World Athletics
Kategori:Russiske hekkeløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Russland Kategori:Europameistrar i friidrett for Russland Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012