Sally Pearson, til 2010 Sally McLellan, () er ein australsk tidlegare friidrettstutøvar, fødd i Sydney, som spesialiserte seg i korthekkløp. Ho vart verdsmeister på 100 meter hekk i 2011, olympisk meister 2012 og verdsmeister 2017 i same øvinga. Dessutan vann ho OL-sølv i 2008 og VM-sølv i 2013.

Aktiv Fram til 2007 satsa McLellan på såvel 100 meter som 100 meter hekk. I semifinalen på 100 m under VM i friidrett 2007 i Osaka presterte ho livsbeste 11,14 sekund, men vart slått ut. Tidlegare i same sesongen sette ho personleg rekord i 100 meter hekk med 12,71 sekund. Frå 2008 konsentrerte ho seg om hekkeløpet. Ho forbetra hekkerekorden til 12,53 like framom sommar-OL i Beijing. I OL-finalen kneip ho sølvmedaljen på 12,64, så å seie hårfint framom fire konkurrentar. Året etter flytta ho sitt personbeste til 12,50 sekund i Monaco, måtte seg med ein femteplass i verdsmeisterskapen i Berlin. I 2010 vart ho samveldemeister i Delhi.

2011-sesongen var Pearson i sitt livs form. I juli månad sette ho personbeste med 12,48 i Birmingham. Den 27. august 2011 forbetra ho den australske rekorden til 12,36 i semifinalen under VM i Daegu i Sør-Korea. I finalen same dagen vann ho gullmedaljen i 100 m hekk på livsbeste 12,28 sekund, heile 0,19 sekund føre nummer 2 og 3 i løpet. Ho heldt vedlike den gode forma i 2012. I mars sigra ho i 60 meter hekk ved innandørs-VM i Istanbul. Med sitt livs nest beste løp på 12,35 sekund vann ho den 12. august i London olympisk gull på 100 m hekk.

Under verdsmeisterskapen 2013 i Moskva presterte Pearson årsbeste 12,50 og tok sølvmedaljen i korthekk-løpet. I 2014 forsvarte ho fyrsteplassen i 100 m hekk ved samveldeleikane i Glasgow. Ho fekk ein skade sommaren 2015, ein skade som plaga henne også i 2016. I juli 2017 noterte ho seg for årsbeste 12,48 ved eit stemne i London, der ho vart ho slått av Kendra Harrison frå USA. Fire veker seinare vart Pearson verdsmeister i London på tida 12,59, etter favoritten Harrison mislukkast og vart nummer 4. Skadeplaga la Pearson opp i august 2019.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM i 2003 i Paris: Utslått i forsøka på 4 x 100 m stafett VM 2007 i Osaka: Utslått i semifinalane på 100 m hekk OL 2008 i Beijing: Sølvmedalje på 100 m hekk – 12,64, bakom Dawn Harper (12,54) VM 2009 i Berlin: Nr 5 på 100 m hekk – 12,70 VM 2011 i Daegu: Gullmedalje på 100 m hekk – 12,28, framom Danielle Carruthers (12,47) OL 2012 i London: Gullmedalje på 100 m hekk – 12,35, framom Dawn Harper (12,37) VM 2013 i Moskva: Sølvmedalje på 100 m hekk – 12,50, bakom Brianna Rollins (12,44) VM 2017 i London: Gullmedalje på 100 m hekk – 12,59, framom Dawn Harper (12,63)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sally Pearson» frå , den 11. mai 2026. World Athletics

Kategori:Australske hekkeløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Australia Kategori:Olympiske meistrar for Australia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Australia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Australske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Australske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012