Ometz (hebraisk skrift אֹמֶץ, tyder Mot) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på kystsletta nær Zemer og høyrer til Heferdalen regionale kommune.
Moshaven vart grunnlagd i 1949 av demobiliserte IDF-soldatar frå Alexandroni-brigaden. Han var den første grensebusetnaden i Heferdalen som vart grunnlagd etter den arabisk-israelske krigen i 1948, på landområde som tidlegare hadde høyrt til den avfolka arabisk-palestinske landsbyen Qaqun. Det er to teoriar om opphavet til namnet. Ein teori er at namnet kjem frå uttrykket «Ometz VeGvura» (Mot og tapperheit), medan den andre teorien er at det er eit akronym for Irgun Mishuhrarei Tzahal (hebraisk skrift ארגון משוחררי צה"ל, som tyder Organisasjonen for demobiliserte IDF-soldatar.
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Ometz, Israel» frå , den 15. august 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel