«Witchy Woman» er ein song skriven av Don Henley og Bernie Leadon, og spelt inn av det amerikanske rockebandet Eagles. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå debutalbumet deira, Eagles, og nådde niandeplassen på Billboard Pop Singles-lista og er den eianste singelen frå albumet med Henley på solovokal.
Bakgrunn og skriving «Witchy Woman» vart starta av gitaristen Bernie Leadon som skreiv songen medan han var medlem i the Flying Burrito Brothers. Då han kom med i Eagles, gjorde Leadon og Don Henley songen ferdig og var ein av dei første songane Henley skreiv for Eagles. Inspirasjonen for tittelen og teksten var basert på forskjellige kvinner dei hadde møtt og hugsa som forføreriske trollkvinner. Henley hadde særleg Zelda Fitzgerald i tankane etter å ha lese biografien hennar.
Medverkande
Don Henley: solovokal, trommer Glenn Frey: korvokal, sologitar Bernie Leadon: korvokal, rytmegitar Randy Meisner: bassgitar, korvokal
Populærkultur Denne songen, i lag med «Desperado», vart både nytta og referert til i ein episode av situasjonskommedien Seinfeld og serien Dharma and Greg. Songen vart òg nytta i ein episode av serien Cold Case kalla «In the Woods». Songen vert òg nytta i filmen America's Sweethearts i ein scene der Catherine Zeta-Jones går ut av ein limousin.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Witchy Woman» frå , den 17. august 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:Eagles-songar Kategori:Songar skrivne av Don Henley Kategori:Songar produserte av Glyn Johns Kategori:Asylum Records-singlar Kategori:The Hollies-songar