Bernard Ferdinand Lyot () var ein fransk astronom.
Frå 1920 var han astronom ved Paris-Meudon-observatoriet. Han utførte ei rekkje arbeid over polarisasjonen av lyset frå månen og planetane, og er internasjonalt kjent for undersøkingane sine av sola. Han konstruerte to instrument som no er i bruk ved dei fleste solobservatorium: koronagrafen, som gjer det mogeleg å observere og fotografere den indre solkorona utanfor totale solformørkingar (fotografert første gong i fullt dagslys av Lyot 21. juli 1931 på Pic du Midi i Frankrike), og polarisasjons-interferensfilteret (1933) for observasjon og fotografering av sola i lys frå eit særs smalt spektralområde.
Prisar og oppkallingar Prisar Lalandeprisen frå Det franske vitskapsakademiet Janssenmedaljen frå Det franske vitskapsakademiet (1930) Royal Astronomical Society sin gullmedalje (1939) Howard N. Potts-medaljen (1942) Brucemedaljen (1947) Henry Draper-medaljen til National Academy of Sciences (1951)
Oppkallingar Lyot på månen. Lyot på Mars. Asteroiden 2452 Lyot.
Kjelder Bernard Lyot. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 21. mars 2015.
Kategori:Vitskapsfolk frå Paris Kategori:Franske astronomar Kategori:Franske oppfinnarar Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Royal Astronomical Society sin gullmedalje Kategori:National Academy of Sciences Kategori:Howard N. Potts-medaljen Kategori:Astronomar på 1900-talet