Brigitte Foster-Hylton () er ein jamaicansk tidlegare friidrettsutøvar som vann medalje på 100 meter hekk i tre ulike verdsmeisterskap i friidrett; sølv i 2003, bronse i 2005 og gull i 2009. Sin personlege rekord på 12,45 sekundar oppnådde ho i Eugene i USA den 24. mai 2003.
Aktiv Gjennom 2002 forbetra Foster ho sitt personbeste på korthekken frå 12,70 til 12,49 sekund, den siste tida oppnådd i Stockholm. Den 24. mai 2003 sprang ho livsbeste 12,45 i Eugene i USA. I august vann ho øvinga ved panamerika-leikane i Santo Domingo, framom Perdita Felicien frå Canada. Under verdsmeisterskapen i Paris like etter var rollene omsnudd, Felicien tok gullet og Foster fekk sølvmedaljen. To år seinare enda Foster-Hylton på tredjeplass i VM-finalen i Helsinki, dømt etter landskvinna Delloreen Ennis-London som fekk same tid, 12,76 sekund. Same tida fekk ho då ho i 2006 sigra i samveldeleikane i Melbourne.
Sesongane 2006, 2008 og 2009 presterte Foster-Hylton årsbeste under 12,50 sekund. Under dei olympiske sommarleikane 2008 i Beijing vart ho nummer 6, fattige to hundredels sekund bakom sølvmedaljøren. Året etter vart ho verdsmeister på 100 meter hekk i VM i friidrett 2009 i Berlin. I ein jamn finale vann ho på tida 12,51 sekund, med Priscilla Lopes-Schliep frå Canada på andreplass (12,54) og Delloreen Ennis-London på tredjeplass (12,55). I avskjedssesongen 2012 vart Foster-Hylton som best klokka inn på 12,51 i Kingston.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2000 i Sydney: Nr 8 – 13,49 VM 2001 i Edmonton: Utslått i semifinalane (12,78= nr 9) VM 2003 i Paris: Sølvmedalje – 12,57, bakom Perdita Felicien (12,53) OL 2004 i Aten: Braut semifinaleløpet VM 2005 i Helsinki: Bronsemedalje – 12,76 OL 2008 i Beijing: Nr 6 – 12,66 VM 2009 i Berlin: Gullmedalje – 12,51, framom Priscilla Lopes-Schliep (12,54) VM 2011 i Daegu: Utslått i semifinalane (12,87= nr 10) OL 2012 i London: Utslått i forsøka (13,98)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Brigitte Foster-Hylton» frå , den 19. august 2015.
World Athletics
Kategori:Jamaicanske hekkeløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Jamaica Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012