Nicolas Camille Flammarion () var ein fransk astronom og forfattar.

Han var tilsett ved observatoriet i Paris 1858, ved Bureau des Longitudes frå 1862. I 1883 bygde han eit privatobservatorium i Juvisy-sur-Orge, der han utførte observasjonar av månen og planetane, særskilt Mars. 20 år gammal skreiv han den første av fleire populære bøker om astronomi som vart omsett og lest over heile verda. Mest kjend er: Cosmogonie universelle; La pluralité des mondes habités (1862), L'Astronomie populaire (1880; siste franske utgåve kom i 1960, siste engelske utgåve i 1964), La planète Mars et ses conditions d'habitation (1893).

I 1889 grunnla han Société Astronomique de France.

Kjelder Camille Flammarion. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 21. mars 2015. Denne artikkelen bygger på «Camille Flammarion» frå , den 20. august 2015.

Bakgrunnsstoff

Atlas cèleste, Paris 1877 da www.atlascoelestis.com

Kategori:Folk frå Haute-Marne Kategori:Astronomar på 1800-talet Kategori:Astronomar på 1900-talet Kategori:Franske astronomar Kategori:Parapsykologar Kategori:Franske forfattarar