Wilfred Bungei () er ein kenyansk friidrettsutøvar som spesialiserte seg på 800 meter. Han vart olympiske meister på distansen i 2008. Bungei sin personlege rekord er 1.42,34.
Aktiv Bungei kom på andreplass på 800 m under friidretts-VM 2001 i Edmonton, sveitsaren André Bucher vart verdsmeister. Året etter gjorde Bungei sitt livs raskaste 800 m då han i Rieti kom i mål på 1.42,34, ei tid i den absolutte verdstoppen.
Bungei deltok så ved Sommar-OL 2004 i Aten, der han vart femtemann på spesialdistansen. Ved VM i friidrett 2005 i Helsinki endan ha på fjerdeplassen. Han fekk sin fyrste siger i eit internasjonalt meisterskap då innandørs-VM 2006 fann stad i Moskva. Under VM i friidrett 2007 i Osaka vart han som i OL 2004 nummer fem.
Bungei sin største triumf kom i Sommar-OL 2008 i Beijing. Her gjorde han sitt beste løp for sesongen og vann gullmedaljen på tida 1.44,65, like framom sølvvinnar Ismail Ahmed Ismail frå Sudan, 1.44,70, og tre andre løparar.
Han la opp i 2012.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wilfred Bungei» frå , den 22. august 2015.
World Athletics
Kategori:Kenyanske mellomdistanseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Kenya Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008