Sivert Martinus Digernes () var ein journalist og skribent frå Ørsta.
Familie og oppvekst Sivert Martinus Digernes vart fødd 26. april 1866, på den garden som då vart kalla Steinargarden på Digernes i Ørsta. Foreldra hans var Steinar (Stener) Samundsen Digernes (1829–1876) og Ingeborg Henriksdatter (1826–?) frå Barstad. Bror til Ingeborg var Hans Henriksen Brekke (1829–1914) som var far til litterat og journalist Hans Peter Brekke.
Truleg hadde han ein god oppvekst dei første leveåra, men det året han fylte ti år, hausten 1876, døydde både faren og farfaren. Dei sat på bygsla jord; mora med fire born måtte gå frå gard og heim og familien vart oppløyst. Sivert bodde ei tid hos si syster, Marta (gift Sandvik), som då var lærar ved Breistrand skule på Dønna i Nordland. I 1882 kom han tilbake til Volda og den følgjande vinteren begynte han på middelskule ved Voldens høiere Almueskole. Sumaren 1883 reiste han åleine, berre 17 år gamal, til Kristiania, der han vart buande resten av livet.
Kristiania I hovudstaden gjekk han først eit år på ein «puggeskule» og han hadde ynskje om å studere vidare ved universitetet, men pengane tok slutt og han måtte gi opp studieplanane. Deretter freista han å livnære seg som journalist og skribent. I byrjinga fekk han det vanskeleg, med lite pengar og vekslande hell, men etter kvart gjekk det betre for han og han vart rekna som ein dugande journalist og lovande skribent og forfattar.
For kortare eller lenger tid arbeidde han som journalist i fleire av avisene i hovudstaden. Det ser ut til at han først arbeidde for Morgenposten, men flytta i juni 1888 til Verdens Gang. I seinare periodar arbeidde Sivert Digernes truleg meir «på det lause» for fleire av avisene i Kristiania, mellom andre Morgenbladet og Ørebladet. Mot slutten av 1890-talet var han tilknytt avisa Den 17de Mai der Rasmus Steinsvik fra Dalsfjorden i Volda var redaktør.
Av litterære arbeid er kjent to noveller som kom på trykk i 1886 i Verdens Gang og i Ny illustreret Tidende, og ei tredje novelle i julenummeret for Verdens Gang i 1890. Våren 1890 var han ei tid i Lofoten som utsend medarbeidar frå Verdens Gang, og han skreiv då fleire artiklar om lofotfisket og folk og natur i Lofoten. Kanskje den mest spektakulære artikkelen handla om det seinare så vidkjende Trollfjordslaget i mars 1890, og Sivert Digernes var truleg den første som skrev ei meir utførleg beretning om denne hendinga.
Livet hans i Kristiania var nok prega av økonomiske problem, i periodar både av svolt og mangel på husrom og skikkelege klede. Utanom kontakt med yrkeskollegaer, ser det ikkje ut til at han hadde nokon stor omgangskrets, men han hadde ofte kontakt med syskenbarnet, Hans Peter Brekke, som også var journalist i Verdens Gang. Han vitja ved fleire høve sambygdingen Ivar Aasen som på den tida budde i Holbergsgaten.
I Kristiania skreiv han seg gjerne for Sigvard Digernes.
Døydde av tuberkulose 11. februar 1900, enno ikkje fylt 34 år, døydde Sivert Digernes av tuberkulose på Diakonhjemmet sykehus. Mange aviser skreiv nekrolog om han, mellom dei Dagbladet som gav han dette ettermælet:
Bibliografi Artiklar og andre arbeid av Sivert (Sigvard) Digernes:
To handskrivne manuskript, utan dato (ikkje publisert): Konkurence og Kjærlighet – skisse fra gamle dager Uten tittel, om bondegutten Alf
Noveller: En Stril – publisert i Ny illustreret Tidende 1886 nr 15 Et Udskud - publisert i Verdens Gang (1868–1923) 1886 nr 80 og 83 Juleøllet hans Anders Moen – publisert i Verdens Gang (1868–1923), julenummeret i 1890
Kjende artiklar i Verdens Gang (1868–1923): Paa Vejen til Lofoten - 4. mars 1890 Optøjer i Lofoten - 9. mars 1890 Fiskets Ordning - 13. mars 1890 En Landliggerdag - 14. mars 1890 Sjøslaget i Troldfjorden - 17. mars 1890 Med Baadskydsen – 25. mars 1890 Østnæsfjorden - 31. mars 1890 Næringsdrivende - 4. april 1890 Gamle og nye Baadtyper - 9. april 1890 Lapper som Lofotfiskere - 11. april 1890 Torsken og Havets Temperatur - 21. april 1890 Fisket slutter - 25. april 1890 Opsynet - 30. april 1890
Kjende artiklar i Den 17de Mai: Youngstorget - 21. juni 1899 Ankertorget - 5. juli 1899 Torgprat - 16.august 1899
I tillegg finst bevart 18 brev som han skreiv til systera Anna Mork i Volda, og ei minnebok frå skuletida i Volda og Kristiania 1882-1885. Referansar
Litteratur Ørstingar: ættebok for Ørsta. 1 - Bjørn Jonson Dale, Ørsta kommune, 1995 Mi gamle grend skrift nr 20, 2011 (Hovdebygda soge- og velferdslag) Artikkel om Sivert Digernes. Novellen Konkurence og Kjærlighet – skisse fra gamle dager kom på trykk i Møre-Nytt, julenummeret for 2011.
Kategori:Fiske i Nordland Kategori:Folk frå Ørsta Kategori:Fødde i 1866 Kategori:Døde i 1900 Kategori:Norske journalistar