Givat Washington (hebraisk skrift גִבְעַת ווֹשִינְגְטוֹן, tyder Washingtonåsen), òg kalla Beit Raban (hebraisk skrift בֵּית רַבָּן, tyder Rabanhuset) er ein religiøs ungdomslandsby sentralt i Israel. Han ligg nær Kvutzat Yavne og høyrer til Hevel Yavne regionale kommune. I 2006 hadde han 670 innbyggjarar.

Landsbyen vart grunnlagd i 1946 av det jødiske samfunnet i Washington D.C., og tente som ein opplæringsinstitusjon for unge Holocaust-overlevande. Han har i dag ein vidaregåande skule, ein midrasha, ein ulpan og ein akademisk høgskule. I 2005 var dei fleste innbyggjarane immigrantar frå Frankrike og Colombia.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Givat Washington» frå , den 2. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Washington College

Kategori:Ungdomslandsbyar i Israel Kategori:Religiøse israelske samfunn Kategori:Busetnader grunnlagde i 1946 Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:1946 i Israel