mini|Yorkshirepuddingar steikte på muffinsplater. Yorkshirepudding er ein engelsk matrett laga av ei røre av egg, mjøl og mjølk. Puddingen blir som regel bakt i omn og hever seg slik at han blir høg på sidene med eit søkk i midten. Eit «offisielt» høgdemål fastsett av britiske Royal Society of Chemists seier at ein ekte yorkshirepudding skal vera 10 cm høg.
Retten er knytt til Yorkshire gjennom namnet, men blir servert i heile England. Han er knytt til den tradisjonelle søndagsmiddagen (Sunday roast), og kan typisk serverast til roastbiff eller lammesteik.«Yorkshirepudding» (15. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 5. september 2015. Han kan også serverast åleine med sjy eller lauksaus til, eller som ein søt dessert.
Yorkshirepudding er først nemnd i kokeboka The Art of Cookery made Plain and Easy frå 1747 av Hannah Glasse. Retten er ein variant av «Dripping Pudding», ein liknande rett som blei sett under ei steik for å samla opp sjyet som draup ned medan ho steikte.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Yorkshire pudding» frå , den 5. september 2015.
Bakgrunnsstoff Yorkshirepudding. Oppskrift ved NRK.no
Kategori:Engelsk mat Kategori:Rørebakst