Kfar Warburg (hebraisk skrift כְּפַר וַרְבּוּרְג, tyder 'Warburglandsbyen') er ein stor moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Kiryat Malakhi med 98 gardsbruk over eit område på 6 000 mål og høyrer til Be'er Tuvia regionale kommune. I 2006 hadde han 873 innbyggjarar.
Moshaven vart grunnlagd den 31. oktober 1939 av medlemmar av frå organisasjonen «Menachem». Han vart kalla opp etter Felix M. Warburg, ein av leiarane i det jødiske samfunnet i USA og grunnleggjar av American Jewish Joint Distribution Committee.
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Kfar Warburg» frå , den 8. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1939 Kategori:1939 i Palestina Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel