Hatzeva (hebraisk skrift חֲצֵבָה) er ein moshav sør i Israel. Han ligg i Arava, 12 km nord for Ein Yahav og høyrer til Sentral-Arava regionale kommune. Han er kalla opp etter den nærliggande Hatzeva-festninga. I 2005 hadde han eit folketal på kring 400. Hatzeva vart opphavleg grunnlagd i 1965 som ei Nahal-busetjing nær Aravavegen og vart ein moshav i 1968. I 1971 vart han flytta noko. Nær moshaven ligg Hatzefa feltskule, som ligg der moshaven opphavleg låg fram til 1971.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hatzeva» frå , den 9. september 2015.
Kategori:Sentral-Arava regionale kommune Kategori:Moshavar Kategori:Nahal-busetjingar Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1965 Kategori:1965 i Israel