Kerem Shalom (hebraisk skrift כֶּרֶם שָׁלוֹם, tyder Fredsvinrankane) er ein kibbutz i Eshkol regionale kommune på grensa mellom Gazastripa, Israel og Egypt.
Historie Kibbutzen vart grunnlagd i 1967 like ved grensa av medlemmar av Hashomer Hatzair. Namnet inkluderer ordet shalom, sidan medlemmane trudde at plasseringa kom til å spele ei rolle i danne fred og ende Midtaustenkonflikten.
Kibbutzen fall frå kvarandre i 1995, etter at mange medlemmar flytta ut, men vart grunnlagd på ny i 2001. I 2011 hadde kibbutzen 35 familiar. På grunn av nærleiken til Gazastripa har han fleire gonger blitt råka av granatar frå palestinske bombekastarar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kerem Shalom» frå , den 9. september 2015.
Bakgrunnsstoff Kerem Shalom Negev informmasjonssenter
Kategori:Kibbutzar Kategori:Eshkol regionale kommune Kategori:Busetnader grunnlagde i 1967 Kategori:Busetnader grunnlagde i 2001 Kategori:2001 i Israel Kategori:Grensa mellom Israel og Gazastripa Kategori:Den egyptisk-israelske grensa Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel