Avshalom (hebraisk skrift אַבְשָׁלוֹם) er ein fellesbusetnad og regionssenter sør i Israel. Han ligg nær grensa til Egypt og Gazastripa og høyrer til Eshkol regionale kommune. I 2012 hadde han 199 innbyggjarar.
Landsbyen vart grunnlagd i 1990 og kalla opp etter Avshalom Feinberg, eit medlem av spionringen Nili som vart drepen i 1917 på veg til eit møte med britiske styrkar nord på Sinai, ikkje langt frå staden der landsbyen ligg. Landsbyen var først ein campingplass for immigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen som ønskte å busetje seg i Hevel Shalom-området. I 1997, då desse busetjingane nekta å ta i mot dei, vart campingplassen ein permanent busetnad, og dei fleste innbyggjarne arbeidde i dei nærliggande landsbyane.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Avshalom, Israel» frå , den 9. september 2015.
Bakgrunnsstoff Merkaz Avshalom Negev informmasjonssenter
Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1990 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1990 i Israel