Shekef (hebraisk skrift שֶׁקֶף) er ein moshav sør i det sentrale Israel søraust for Kiryat Gat og vest for Hebron i Lakhish regionale kommune. Han vart grunnlagd av Herut-rørsla med Betar og støtte frå Jewish Agency i 1981 som ein del av Stjernelandsby-planen til Ariel Sharon i eit forsøk på å busetje området kring Den grøne linja for å utvide deijødiske busetjingane i linje med Hebron-fjellet. Kring 500 meter aust for landsbyen, på andre sida av Israel si sperring på Vestbreidda, ligg den palestinske landsbyen Beit Awwa.
Folketalet i 2006 var 300 innbyggjarar. Moshaven ligg i syne av grensa mellom fjella og ørkenen, og innafor eit naturreservat. Moshaven er omgjeve av naturleg skog og planteliv. Det vert hovudsakleg dyrka druer og grønsaker i moshaven.
Namnet «Shakaf» er henta frå den eldre landsbyen Umm al-Shakaf, som ligg nær den noverande moshaven.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Shekef» frå , den 11. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1981 Kategori:1981 i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel