Kfar Maimon (hebraisk skrift כְּפַר מַיְמוֹן, tyder 'Maimon-landsbyen') er ein religiøs moshav sør i Israel. Han ligg nær Netivot og dekkjer 5 000 mål og høyrer til Sdot Negev regionale kommune. I 2006 hadde han 284 innbyggjarar.
Landsbyen vart grunnlagd i 1959 av ein gar'in av Bnei Akiva-medlemmar og vart kalla opp etter Yehuda Leib Maimon, som var med på å signere under på den israelske sjølvstendeerklæringa og var den første religionminsteren i Israel.
Landsbyen vart åstad for ein ikkje-valdeleg stillingskrig mellom titusenvis av jødiske, israelske demonstrantar mot utrekkingsplanane til Israel frå Gaza, og det israelske politiet, som kringsette demonstrantane, som hadde starta i Netivot med jødiske busetjingar i Gaza som mål.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kfar Maimon» frå , den 12. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Kfar Maimon Negev informmasjonssenter
Kategori:Moshavar Kategori:Religiøse israelske samfunn Kategori:Busetnader grunnlagde i 1959 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1959 i Israel