Or HaNer (hebraisk skrift אוֹר הַנֵּר, tyder Levande lys) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg nær Sderot i Sha'ar HaNegev regionale kommune. Namnet er henta frå Sanhedrin-avtalen i Den babylonske Talmud.

Landsbyen vart grunnlagd i 1955–57 som ein gard som tilhøyrte selskapet Yitzur UFitu'ah. Grunnleggjarane var frå Gordoniya, Dror og HeHalutz-rørslene, dei fleste immigrantar frå Argentina og Chile. Mange kom frå kibbutzen Giv'ot Zaid.

Landsbyen vart grunnlagd på landområdet som høyrte til den avfolka arabisk-palestinske landsbyen Najd.

I 2012 hadde han 612 innbyggjarar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Or HaNer» frå , den 12. september 2015.

Kategori:Argentinsk diaspora i Israel Kategori:Chilensk diaspora i Israel Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1957 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1957 i Israel