Yoav regionale kommune (hebraisk skrift מועצה אזורית יואב, Mo'atza Azorit Yoav) er ein regional kommune i Det sørlege distriktet i Israel. Han ligg nær byane Kiryat Gat, Kiryat Malakhi og Ashkelon. Han vart grunnlagd i 1952 og dekkjer eit område på 230 km2 og har kring 5 300 innbyggjarar.

Kommunen er kalla opp etter Yitzhak Dubnov, som hadde kallenamnet «Yoav». Han fall i kampar ved Negba i den israelske sjølvstendekrigen. Operasjon Yoav og Metzudat Yoav, som ligg i kommunen, er òg kalla opp etter han.

Kommunen består av to delar som ikkje heng geografisk saman. Hovuddelen grensar i nord til Nahal Sorek regionale kommune, i vest til Be'er Tuvia regionale kommune og Shafir regionale kommune, i sør til Lakhish regionale kommune og Kiryat Gat, og i aust til Matte Yehuda regionale kommune. Den vestlege delen av kommunen, som omfattar kibbutzane Negba og Sde Yoav, grensar i nord og aust til Shafir regionale kommune, i vest til Hof Ashkelon regionale kommune, og i vest til Lakhish regionale kommune.

Busetnader Kommunen består av åtte kibbutzar, tre moshavar, ein ungdomslandsby, ein fellesbusetnad og ein arabisk landsby.

Kibbutzar Beit Nir Beit Guvrin Gal On Gat Kfar Menachem Negba Revadim Sde Yoav

Moshavar Kfar HaRif Nahla Sgula

Ungdomslandsby Kedma

Fellesbusetnad Vardon

Arabisk landsby al-'Azi

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yoav Regional Council» frå , den 13. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Regionale kommunar i Israel *