Shim'a (hebraisk skrift שִׁמְעָה), òg Yonadav (hebraisk skrift יוֹנָדָב), er ein ikkje-religiøs jødisk landsby og israelsk busetjing sør i Judeafjella på den okkuperte Vestbreidda langs Den grøne linja sør for Livneh og Omarim. Han ligg på ei høgd 600 meter over havet og er underlagt Har Hebron regionale kommune. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.

Busetjinga vart først grunnlagd i 1982 som ein militær pionerutpost for Nahal og demilitarisert i 1988. I 2007 budde åtti familiar i Shim'a. Han er kalla opp etter Jonabab son av Shimeah (bror til kong David (2 Samuel 13:3)).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Shim'a» frå , den 15. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Ikkje-religiøse israelske busetjingar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1982 Kategori:1982 i Israel Kategori:Nahal-busetnader