Migron (hebraisk skrift מגרון) var ein israelsk utpost på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg 14 kilometer nord for Jerusalem i Mateh Binyamin regionale kommune. Han var den største utposten av sitt slag, med eit folketal på 300. Han vart grunnlagd første gong i 1999 og igjen i 2001, på området som før 1967 høyrte til innbyggjarar i Burqa.Amira Hass, Migron’s palestinsk neighbors waiting to see if they get land back', at Haaretz 27. mars 2012. Den israelske regjeringa bidrog med 4,3 millionar NIS for å byggje Migron. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Vestbreidda ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene hevdar dei har retten på si side.
Høgsteretten i Israel avgjorde 2. august 2011 at Migron var ulovleg bygd på landområde som høyrte til palestinarar og gav Israel ordre om å fjerne utposten i april 2012. Den isralske regjeringa følgde ikkje ordren, men gav i staden innbyggjarane ein avtale om at dei måtte flytte ut innan 30. november 2015. Men den 25. mars 2012 stadfesta Høgsteretten kjenninga si og gav det israelske forsvaret ordre om å evakuere Migron innan 1. august 2012. 2. september 2012 var evakueringa av Migron fullført, etter at innbyggjarane gjekk med på å flytte til ein ny stad nokre hundre meter sør for den tidlegare lokasjonen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Migron, Mateh Binyamin» frå , den 16. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Religiøse israelske busetjingar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1999 Kategori:Mateh Binyamin regionale kommune