Hinanit (hebraisk skrift חִנָּנִית, tyder 'Tusenfryd') er ein kollektiv landsby og ei israelsk busetjing nord på den okkuperte Vestbreidda, underlagt Shomron regionale kommune. Hinanit ligg like over Den grøne linja mellom Israel og den nordlege Vestbreidda, og ligg inntil den palestinske landsbyen 'Anin. Israel si sperring på Vestbreidda skil dei to busetnadane. Han ligg kring 15 km vest for byen Jenin. I 2006 hadde han 779 innbyggjarar. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.
Landsbyen vart grunnlagd i 1981 av fjelljødar frå Kaukasus. Han var opphavleg ein moshav og medlem av Moshavrørsla, men vart seinare omgjort til ein fellesbusetnad.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hinanit» frå , den 16. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Ikkje-religiøse israelske busetjingar Kategori:Tidlegare moshavar Kategori:Fjelljødar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1981