Argaman (hebraisk skrift אַרְגָּמָן, tyder Rosenraud) er ein moshav og israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg i Jordandalen, åtte kilometer nord for Damiabrua med eit areal på 4 500 mål. Han er underlagt Bik'at HaYarden regionale kommune. Folkesetnaden var 163 i 2011. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.
Namnet på moshaven er eit akronym for Arik Regev og Gad Manela, to Nahal-kommandantar som vart drepne der i kamp mot arabiske militante.
Han vart først grunnlagd i 1968 som ei Nahal-busetjing av Betar-rørsla, og omgjort til ein sivil moshav i mai 1971.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Argaman» frå , den 16. september 2015.
Kategori:Moshavar Kategori:Nahal-busetnader Kategori:Israelske busetjingar på Vestbreidda Kategori:Busetnader grunnlagde i 1968