Mirja Annikki Lehtonen, gift Kierros, () var ein finsk langrennar frå Uurainen i Mellersta Finland som vann OL-sølv på 5 km under Vinter-OL 1964 i Innsbruck. Ho fekk elles med seg to stafett-bronsar frå høvesvis Ski-VM 1962 og dei nemnde vinterleikane i Innsbruck.
Lehtonen vart finsk meister på 10 km i tre år på rad, 1961-63. Ho deltok i Ski-VM 1962 i Zakopane, der ho vart nummer fem i begge dei individuelle tevlingane før ho gjekk Finland inn til bronsemedalje i 3 x 5 km stafett, langt bak dei andre medaljevinnarane; Sovjetunionen og Sverige.
Både i 1963 og -64 vann Lehtonen 5 km i den finske meisterskapen. Vinteren 1964 gjorde ho sitt livs løp då ho fylgde sovjetiske Klavdija Bojarskikh heilt "til døra" på 5 km under Vinter-OL 1964 i Innsbruck, i mål skilte det 2,4 sekundar i favør gullgrossist Bojarskikh. Lehtonen vart så nummer ti på 10 km, før ho atter gjekk Finland i mål på stafetten til bronse.
Ho la opp etter 1965-sesongen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mirja Lehtonen» frå , den 18. september 2015.
Denne artikkelen bygger på «Mirja Kierros» frå , den 18. september 2015.
Kategori:Finske langrennsløparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Finland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Finland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1964