Tersamisk er eit samisk språk som blir, eller vart, snakka på Kolahalvøya i dei austlege delane av Murmansk oblast i Russland. Det er rekna som eit døyande språk med berre to eldre talarar (2010). Tersamisk høyrer til dei austsamiske språka, og dei næraste slektningane er enaresamisk, skoltesamisk, kildinsamisk og akkalasamisk.

Språket er blitt noko studert gjennom lydopptak, nedskrifter og tospråklege ordbøker, men det er ikkje utvikla noko standardisert skriftspråk eller nokon grammatikk.Itkonen T. I.: "Koltan- ja kuolanlapin sanakirja", Helsinki: Société Finno-Ougrienne, 1958; Itkonen T. I.: «Koltan- ja kuolanlappalaisia satuja», 1931.Memoires de la Société Finno-Ougrienne 60. Oppgjevne av Engelsk Wikipedia.

Status Tersamisk har vore eit språk i nedgang dei siste tiåra, då dei fleste tersamane har gått over til russisk. Tidleg på 1990-talet hadde språket seks eldre talarar, på 2000-talet var det berre to att.Tiuraniemi Olli: "Anatoli Zaharov on maapallon ainoa turjansaamea puhuva mies", Kide 6 / 2004. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.

Nedgangen til tersamisk blei framskunda av sovjetisk kollektivisering og språkpolitikk der tersamisk blei forbode å nytta i heimar og skular på 1930-talet. Innbyggjarane i den største av dei seks landsbyane der ein tala språket, Jokanga, blei flytta til den lukka byen Gremikha (no Ostrovnoj).

Kjelder

«Saami, Ter», ethnologue.com Thomas Nilsen, «Sami languages disappears», barentsobserver.com (February 19, 2010)

Bakgrunnsstoff Glottolog: Bibilografi over tersamisk språkforsking Tersamiske ordlister frå Giellatekno

Kategori:Samiske språk Kategori:Austsamiske språk Kategori:Språk i Russland Kategori:Einskildspråk