Kafr al-Labad (arabisk skrift كفراللبد) er ein palestinsk landsby i Tulkarm guvernement nordaust på Vestbreidda, 9 kilometer aust for Tulkarm og to kilometer sør for Anabta. Folketalet i 2007 var 4 074 i følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå.2007 PCBS census. Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS). s. 108. Han har eit areal på 11 917 mål, der 25 % vert nytta til jordbruk. Dei viktigaste avlingane frå landsbyen er oliven, frukt og kveite.The Expansion of Avni Hefets koloni at the Expense of Kufr Al Labbad landsby . Applied Research Institute-Jerusalem (ARIJ). 2009-08-03.
Historie Tidleg under Det osmanske riket i 1596, var Kafr al-Labad ein del av Qaqun nahiya, som høyrte til den større Nablus sanjak. Han hadde eit folketal på 57 hushaldningar.al-Salim, Farid. Landed Property and Elite Conflict in Ottoman Tulkarm. Jerusalem Quarterly. Autumn 2011.
I 1995 konfiskerte det israelske militæret kring 200 mål av landområdet til Kafr al-Labad for å forstørre den nærliggande israelske busetjinga Avnei Hefetz.The Middle East: Abstracts and Indexes. Library Information and Research Service, 1999. Vol. 23, s. 280. I alt er kring 355 mål av områda til Kafr al-Labad blitt overført til Avnei Hefetz, medan 20 mål er konfiskert av busetjinga Einav.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kafr al-Labad» frå , den 19. september 2015. oppgav desse kjeldene: s. 159, 195 s. 763 s.212
Bakgrunnsstoff Velkomen til Kafr al-Labad
Kategori:Byar på Vestbreidda