Wadi al-Far'a (arabisk وادي الفارعة) er ein palestinsk landsby i Tubas guvernement nordaust på Vestbreidda fem kilometer sørvest for Tubas. Han høyrer til Den palestinske sjølvstyresmakta og ligg like ved Far'a flyktningleir.Wadi al-Far'a Village Profile Applied Research Institute - Jerusalem. Februar 2006. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Wadi al-Far'a eit folketal på 2 340 innbyggjarar.Projected Mid -Year Population for Tubas distrikt by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå.

Arkeologi Wadi al-Far'a ligg nær fleire arkeologiske funn frå tyngre yngre steinalder frå Qaraoun-kulturen. Tre stader i nærleiken vart oppdaga av Francis Turville-Petre mellom 1925 og 1926 kalla Wadi Farah, Shemouniyeh og Wadi Sallah.

Historie Wadi al-Far'a vart tidlegare kalla Tarza'a og det noverande namnet kjem frå den geografiske plasseringa, nær Far'a-kjelda. Området vart tidlegare eigd av innbyggjarar frå Talluza i nærleiken, som brukte det som jordbruksland. I 1960-åra slo innbyggjarar frå Talluza seg ned i området og oppretta ein eigen landsby. I 1996 vart Wadi al-Far'a offisielt fråskild Talluza og fekk status som eigen landsbykommune under Tubas guvernement.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wadi al-Far'a» frå , den 19. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Wadi al Far'a (Fact Sheet), The Applied Research Institute - Jerusalem. Februar, 2006

Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Stader frå yngre steinalder